Kollektiv kvalitativ analyse
Av
Helga Eggebø

Academic article

Norsk sosiologisk tidsskrift

Sider
106-122
Issue
2
Norsk og europeisk forskingspolitikk legg opp til store samarbeidsprosjekt på tvers av land, disiplinar og institusjonar, og dette krev gode metodar for samarbeid i alle delar av forskingsprosessen. Men i metodelitteraturen blir analyse som regel framstilt som ein individuell prosess, og kollektivt analysearbeid ser ut til å vera unntaket heller enn regelen. Føremålet med denne artikkelen er å bidra til metodeutvikling ved å presentera ein framgangsmåte eg har nytta i fleire forskingsprosjekt, og som eg har vald å kalla «kollektiv kvalitativ analyse». Metoden har fire trinn: 1) felles gjennomgang av datamaterialet, 2) temakartlegging, 3) temagruppering og 4) disposisjon og arbeidsplan. Eg nyttar døme frå eigne forskings- og analyseprosessar for å forklara metoden. Kollektiv kvalitativ analyse er startpunktet for analysen, og føremålet er å skapa rom for ein kreativ analytisk prosess kor me kan korrigera og vidareutvikla tolkingar og læra av kvarandre. Målet med artikkelen er å bidra til – og oppfordra andre til å ta del i – utviklinga av kollektive analysemetodar.