Regnbuebanner. Illustrasjon: istock / yewkeo

Levekår blant mangfoldet av skeive i Noreg

Velferd
Les mer
Oppdragsgiver
Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)
Ledes av
Nordlandsforskning
Tidsrom
-

Dette prosjektet handlar om å kartleggje og oppdatere kunnskapen om levekåra til skeive i Noreg. 

Undersøkinga skal gjennomførast av Nordlandsforskning i samarbeid med Fafo, og byggjer vidare på tidlegare studiar, mellom anna frå 2013 og 2021. Målet er å få betre innsikt i korleis levekåra varierer mellom ulike grupper skeive, som bifile og transpersonar, og å forstå korleis faktorar som etnisk bakgrunn, alder og funksjonsnedsetting påverkar livssituasjonen deira. Dette arbeidet skjer i ei tid der skeive sine rettar er under press i fleire delar av verda, noko som også kan påverke situasjonen i Noreg. 

Prosjektet er delt i to delar: ei nasjonal spørjeundersøking om levekår blant skeive og ei eiga studie om bifile sine levekår. Bifile har tidlegare rapportert om fleire utfordringar enn andre grupper og prosjektet skal gjennomføre intervju og fokusgrupper med bifile for å få djupare innsikt i livserfaringar og deira særskilte utfordringar knytt til identitet, utanforskap og diskriminering.