Samarbeid med industrien skal gi betre helsetenester i distrikta
Eit nytt forskingsprosjekt hentar inspirasjon frå industrien for å auke kvalitet, effektivitet og arbeidsglede i distriktskommunale helsetenester.
I januar lyste Forskningsrådet ut midlar til forsking og innovasjon for å styrke berekrafta i kommunale helse- og omsorgstenester. Nyleg blei det klart at Nordlandsforskning sitt prosjekt – SELFDRIVE (Driving sustainable health and social care reform in rural regions through empowered self-managing teams) er eitt av åtte prosjekt som får støtte, i konkurranse med i alt 92 søknader. SELFDRIVE fekk nærare 15 millionar kronar i støtte.
Prosjektet handlar om korleis helse- og omsorgstenesta i distriktskommunar kan organisere seg i små, sjølvstyrte team for å auke både effektiviteten og kvaliteten på tenesta som blir levert, men òg arbeidsgleda til dei tilsette.
– Ei slik organisering av helsesektoren er ikkje ukjent i utlandet, men her i Norge kjenner vi ho best frå industrien. Prosjektet skal samarbeide med industriaktørar for å få ei erfaringsutveksling mellom kommunal sektor og industrien, seier Trond Bliksvær, som er seniorforskar ved Nordlandsforskning og prosjektleiar for SELFDRIVE.
– Det betyr ikkje at kommunane skal lære seg samlebandproduksjon av helsetenester, målet er å finne ut kva som kan vere gode og overførbare erfaringar frå industribedrifter i distrikta, som trass alt har lang erfaring med sjølvstyrte team, seier han.
Må tilpassast lokale forhold
Eit autonomt team er altså ei samansetning av tilsette med ulik kompetanse, som sjølv er i stand til å vurdere korleis oppgåvene best kan løysast, utan innblanding frå leiarar. Kva er det med ei slik organisering som kan være attraktivt for dei mange norske distriktskommunane?
– Erfaringar frå Nederland, der denne organiseringa er mykje brukt, viser at dei tilsette får mykje meir friheit i jobben, noko som gjer at dei er meir tilfreds, seier Raj Kumar Thapa, seniorforskar ved Nordlandsforskning..
– Organiseringa gjer også at dei tilsette utfører arbeidsoppgåvene meir effektivt, seier Thapa.
Han åtvarar likevel mot å berre adoptere den nederlandske modellen.
– Vi må utvikle ein eigen modell som er tilpassa dei lokale behova til norske distriktskommunar, understrekar forskaren.
Mykje kunnskaps- og erfaringsutveksling
SELFDRIVE har vakse fram frå Nordlandsforskning sitt lange og gode samarbeid med Vestvågøy kommune. Vestvågøy er vald ut som ein såkalla motorkommune i Kommunenes samarbeidsarena for forsking (KSF), i regi av KS.
– Vestvågøy er ein unik kunnskapskommune som er lang framme når det gjeld innovasjon og utvikling. Her har dei allereie erfaring med autonome team i helsesektoren, gjennom ein variant dei kallar for innsatsteam, i tillegg til bruk av team i kvardagsrehabilitering, seier Trond Bliksvær.
Kunnskapen som forskarane utviklar i samarbeid med Vestvågøy kommune, blir delt med andre kommunar i eit allereie etablert klyngesystem, som er ein del av KSF.
– Alstadhaug kommune er dessutan partner i prosjektet og har relevant kompetanse med tanke på industriaspektet. Det blir mykje erfaringsutveksling mellom Vestvågøy og Alstadhaug undervegs. I tillegg har vi tre professorar frå Danmark, Finland, og Sverige med for å utveksle erfaringar på tvers av land, seier Bliksvær.
Hjelper beredskapen
Det er langt frå tilfeldig at SELFDRIVE vekka begeistring i Forskningsrådet. Prosjektet svarar på konkrete og prekære utfordringar i distrikts-Noreg, som blant anna slit med dårleg økonomi og mangel på arbeidskraft.
– I mange distriktskommunar er eldrebølga allereie ein realitet og dei har akutte behov for å finne løysingar. Her kan autonome team være med på å sikre effektiv drift med høg kvalitet, utan at ein treng å tilsette fleire folk eller bruke meir pengar, seier Bliksvær.
– Ei slik organisering har òg ei beredskapsaspekt. Små einingar som kan operere sjølvstyrt utan å være avhengig av ordrar ovanfrå, vil ha stor verdi, til dømes i ein pandemisituasjon.