Leder nytt forskingsprosjekt om levekår blant skeive

Nordlandsforskning skal igjen undersøke korleis det er å leve som skeiv i Noreg. Konsekvensar av dei siste åras politiske utvikling både nasjonalt og internasjonalt, er eit viktig fokus i prosjektet.
Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) tildelte i juni Nordlandsforskning oppdraget. Saman med Fafo (Institutt for arbeidslivs- og velferdsforskning), skal det Bodø-baserte instituttet undersøke levekår blant skeive, og identifisera spesifikke utfordringar for bifile.
Enorm utvikling
Liknande undersøkingar har blitt gjennomført i 1978, 1999, 2013 og 2020. Prosjektleiar Helga Eggebø og Nordlandsforskning var med på laget sist gong og skreiv då rapporten "Seksuell orientering, kjønnsmangfold og levekår. Resultater fra spørreundersøkelsen 2020". No er Eggebø spent på kva utvikling dei nye undersøkingane vil vise.
– Både vi og oppdragsgjevar er opptatt av om den politiske utviklinga dei siste åra har noko å seie. Både i USA og andre stader i verda ser vi ei dreiing i retning av repressive tendensar, som spesielt rammer skeive, seier ho.
– Det er jo ikkje nokon lystig del av samtida vår, men samtidig er det viktig å minne om at det dei siste tiåra har skjedd ein enorm utvikling i retning av aksept her i landet.
Eggebø peiker på at talet på pridearrangement har eksplodert.
– Pride er ikkje lenger berre eit storbyfenomen. Under 10 år etter at fyrste bygdepride blei arrangert i Volda, er det no pridearrangement på kvart nes over heile landet, seier ho.
– Så kan det jo tenkast at dei polariserte diskusjonane i USA som eksponerast i alle kanalar, i seg sjølv påverkar levekåra i Noreg.

Dårlegare levekår for bifile
For å seie noko om levekår blant skeive, skal forskarane gjennomføre ei spørjeundersøking, der forhold som utdanning, økonomi og helse blir tatt opp. Forskarane spør òg om kor nøgd folk er med livet og om dei har opplevd diskriminering.
I tillegg skal prosjektet gå spesifikt inn situasjonen til bifile i Noreg.
– Dei to føregåande undersøkingane rapporterte om dårlegare levekår for bifile. Vi skal prøve å finne ut kva det handlar om, seier Eggebø, som dermed er med på eit pionerarbeid.
– Det har ikkje tidlegare vore gjennomført eigne studiar om bifile i Noreg. No er det tid for å prøva og forstå korleis og kvifor deira levekår skil seg frå andre skeive sine levekår.