Forsking skal hjelpe Longyearbyen med tinande permafrost

Taubanebukker Longyearbyen. Foto: Frank Andreassen / nordnorge.com
Taubanebukkane frå gruvedrifta er eit karakteristisk skue i Longyearbyen. No blir mange av dei trua av tinande permafrost. Foto: Frank Andreassen / nordnorge.com

Permafrosten i Longyearbyen tiner raskare enn forventa, noko som truer både infrastruktur og kulturminne. Eit nytt forskingsprosjekt skal utvikle verktøy for å møte utfordringane.

Longyearbyen er ein by bygga på permafrost. Då dei første bygningane blei reist, trudde ingen at bakken under dei ein dag skulle tine. Men klimaendringane skjer raskt og har endra bildet radikalt. 

Ifølge Meteorologisk institutt kan ein definere permafrost som område i bakken der temperaturen ikkje overstig null grader på minst to år. Bakken over permafrosten tiner og fryser kvar sommar, og blir kalla det aktive laget.

– Det aktive laget på Svalbard går stadig djupare og permafrosten trekker seg stadig lenger ned i jordsmonnet. Det skaper utfordringar for både infrastruktur, kulturminne og samfunnssikkerheit, seier seniorforskar Grete Hovelsrud ved Nordlandsforskning.

Når det aktive laget blir djupare, står ikkje lenger bygningar støtt og faren for ulike typar ras aukar. Vegane i Longyearbyen har allereie fått skadar som følge av tinande permafrost.

– Særleg deler av vegen på den eine sida av Longyeardalen er utsett, ettersom bakken under den tiner på ulike måtar, seier Hovelsrud. 

 

Grete Hovelsrud på Svalbard. Foto: Marta Anna Løvberg
Grete Hovelsrud, forskar 1 ved Nordlandsforskning, har forska på klimaendringar og klimatilpassing på Svalbard sidan begynnelsen av 1980-tallet. Foto: Marta Anna Løvberg

 

Kartlegg utsette kulturminne

Forskarar frå Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) har i fleire år overvaka permafrostens tilstand i Longyearbyen. Eit nytt forskingsprosjekt ved namn ThawingLYR, leidd av permafrostekspertane Hanne Christiansen og Marius Jonassen frå UNIS, tar no for seg korleis ein kan handtere tininga av permafrost og den aukande risikoen for byens kritiske infrastruktur, kulturminne og ustabile fjellsider. 

– Prosjektet ser på korleis tininga av permafrosten påverkar ulike område i Longyearbyen. Forskarane tar i bruk instrumentering, seismisk utstyr og kamerateknologi for å kartlegge kor tininga skjer raskast, fortel Hovelsrud.

Nordlandsforskning er også med på laget. I tillegg til Hovelsrud stiller instituttet med seniorforskarane Tiril Vold Hansen og Helena Gonzales Lindberg. 

– Vi samarbeider tett med lokale aktørar for å identifisere kva kulturminne og infrastruktur som er mest utsett, seier Hovelsrud. 

– Det er viktig å finne ut kvar vi skal sette inn tiltak først. For eksempel skal vi sjå på dei karakteristiske taubanebukkane, som det kostar store summer å sikre. Det er rundt 200 av dei, og vi må finne ut kven av dei som er mest utsett, seier hun.

 

Behov for tilpassing og beredskap

Klimaendringane i Arktis skjer dobbelt så raskt som i resten av verden, noko Longyearbyen allereie har fått kjenne på. Sikringstiltak er satt i gang, blant anna ved Sukkertoppen og langs Longyearelva, som går tvers gjennom byen.

– I Longyearbyen ser vi allereie effektane av den vikande permafrosten. Ein har bora heilt ned til grunnfjellet for å sikre viktige strukturer, og installert kjøleanlegg under enkelte bygg, som til dømes Svalbardbutikken, seier Hovelsrud.

Målet med det nye prosjektet er å lage eit responssystem for permafrost som kan brukast av både myndigheiter, næringsliv og lokalbefolkninga. Dette systemet skal gi lett tilgjengeleg informasjon om risiko, arealplanlegging og framtidige behov for tilpassing.

– For å klare å utvikle eit slikt system, er det viktig å involvere lokale aktørar i utforminga. Målet er å finne frem til eit system som både er lett å bruke og alle kan få nytte av, seier Hovelsrud.

 

Del:

FacebookLinkedInTwitter

Meld deg på Nordlandsforsknings nyhetsbrev