Bli med på sluttseminar for Shift-Plastics

Lurer du på kva konklusjonar forskarane trekker etter tre års forsking på plast frå fiskeri og havbruk? No skal funna frå Shift-Plastics oppsummerast og delast på eit digitalt sluttseminar 24. september.
«Noreg har ein leiarposisjon i kampen mot plastforureining i havet, og difor har vi ansvar for å gå framfor med eit godt eksempel», skriv prosjektleiar Hans Jakob Walnum i invitasjonen til det digitale sluttseminaret 24. september, der han og samarbeidspartar frå forskingsprosjektet skal legge fram konklusjonar frå tre års forsking på plastutfordringar innan fiskeri- og havbruksnæringane.
Den same bodskapen fremma forskarane i ein kronikk i Dagsavisen og Energi og klima nyleg og på Arendalsuka i august.
Shift-Plastics har bydd på mykje kontakt på tvers av sektorar, og forskarane har fått viktige innblikk via ei rekkje aktørar som står midt i utfordringane det er snakk om: fiskeri- og havbruksnæringa sjølv, dei som leverer utstyr til næringane, dei som står for resirkulering av brukt plast og ikkje minst: dei som utformar politikken på dette området.
Forskarane legg no fram forslag til kva slags konkrete grep dei meiner styresmaktene bør ta for å få bukt med den omfattande bruken av plast og prøve å forlenge levetida til utstyret som alt er i bruk. Dei kjem òg med råd om kva slags politikk som kan fremme berekraftig sirkulærøkonomi. Ikkje minst vil dei ta for seg korleis næringane kan ta i bruk sirkulærøkonomiske prinsipp og utforske potensialet som ligg i teknologiske utbetringar.
– Ei omlegging i retning av berekraftig sirkulærøkonomi vil ikkje berre redusere plastavfallet, men òg gjere næringane meir robuste, seier Walnum.
Sidan fleire av forskarane i prosjektet har utanlandsk bakgrunn, kjem fleire av innlegga i sluttseminaret til å vere på engelsk. Prosjektleiar Hans Jakob Walnum håpar likevel fleire enn berre prosjektdeltakarane vel å bruke halvannan time på å høyre kva prosjektdeltakarane har å melde.
Lenke til Teams-møtet 24. september kl. 9-10.30
Program for the Shift Plastics End Seminar
09:00–09:10 – Welcome. Towards a sustainable circular economy: Project achievements – Hans Jakob Walnum
09:10–09:20 – Key recommendations: Short, medium, and long term – Megan Palmer-Abbs
09:20–09:30 – Short-term actions: Filling data gaps – Paritosh C. Deshpande
09:30–09:50 – Industry insights:
- Selstad: Presentation of project on traceable ropes – Marharyta Kryva
- Nofir and new PRO (producer responsibility organisarion) – Heidi Ruud
10:00–10:30 – Discussion among participants: The way forward for plastic handling in fisheries and aquaculture