Noradapt lanserar nyheitsbrev

Longyearbyen. Foto: Jarle Røssland / Visit Svalbard / nordnorge.com
Svalbard er ein av stadane der klimaendringane merkast mest. Foto: Jarle Røssland / Visit Svalbard / nordnorge.com

I haust lanserer Norsk senter for berekraftig klimatilpassing eit nyheitsbrev om tilpassing til klimaendringar.

Forfattar: Idun Husabø, Vestlandsforsking

– Vi er inne i ei tid prega av ekstremvêr og dramatiske naturhendingar. Nyheitsbiletet i sommar har vist kor viktig det er at vi held trykket på førebygging oppe, seier senterleiar Carlo Aall.

Ekstremvêret «Hans» i august 2023 øydela heimar og påførte samfunnet flaum- og skredskader for over 1,8 milliardar kroner, etter ein sommar med tørke, flaum og tapte korn- og potetavlingar fleire stader. At det er viktig å jobbe med å setje samfunnet i stand til å takle slike påkjenningar, herskar det altså lite tvil om, men likevel viser forsking at mange norske kommunar heng etter i arbeidet med å sikre bustader og infrastruktur mot eit villare klima.

Til dømes manglar 1 av 3 norske kommunar oppdaterte risiko- og sårbarheitsanalysar, noko Carlo Aall kommenterte slik til NRK i august: – Grunnleggande sett handlar det om at eit samla AS Noreg må seie at dette er viktig å gjere, og det kjem til å bli viktigare framover

 

Samarbeid mellom åtte fagmiljø

Fordi tilpassing til klimaendringane vil halde fram med å vere ei viktig samfunnsoppgåve, er det stort behov for kunnskap om dette arbeidet. Eit eige forskingssenter har hatt denne tematikken som fokus sidan 2018. Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing) består av åtte norske fagmiljø med kompetanse på feltet.

Senteret har «berekraftig» i namnet for å understreke at tiltak for å tilpasse samfunnet ikkje kan prioriterast over andre viktige omsyn, til dømes naturmangfald.

Noradapt driv forsking, formidling og undervisning og har kontakt med ulike samfunnssektorar gjennom eit brukarpanel. I tillegg til ei løyving på vel 5 millionar kroner over statsbudsjettet, skaffar forskarane finansiering frå fleire andre kjelder.

Er du interessert i oppdateringar om det vi driv med? Då kan du abonnere på nyheitsbrevet som blir starta opp i haust og kjem nokre gonger i halvåret.

 


 

Abboner på Noradapt sitt nyheitsbrev

 

 


 

Verda greier ikkje halde tritt

Noradapt har òg eit blikk på korleis det går med klimatilpassing elles i verda, både gjennom internasjonale forskingsprosjekt og senteret sitt internasjonale vitskaplege råd med fem toppforskarar frå andre land, leia av Sirkku Juhola ved Universitetet i Helsinki.

Korleis går det så med klimatilpassing utanfor grensene våre? FN-rapporten «Adaptation Gap Report 2022», med den talande tittelen «Too Little, Too Slow – Climate adaptation failure puts world at risk», slår fast at gjennomføring av tilpassingstiltak aukar, men at verda ikkje maktar å halde tritt med dei store og øydeleggande utslaga av klimaendringar, som langvarig tørke, hetebølgjer, skogbrannar og flaum.

FN anslår at det årlege behovet for økonomisk innsats til klimatilpassing er fem til ti gonger større enn dagens innsats.

– Kva situasjonen er i Norge er det ingen som har rekna på, seier Aall.

 

Unngå å legge stein til byrden

FNs miljøprogram åtvarar mot at klimatilpassing kan forsterke sårbarheit og skape ny risiko, særleg for dei som frå før er mest utsette.

Norge er blant dei mest ressurssterke landa i verda, og om vi samanliknar med andre land, har vi så langt berre i liten grad blitt råka direkte av klimaendringar. Likevel viser Riksrevisjonen sin rapport frå 2022, med tittelen “Myndighetenes arbeid med å tilpasse infrastruktur og bebyggelse til et klima i endring”, at kritikken frå FNs miljøprogram også gjeld for Norge, seier Aall.

– Det at vi har eit senter som samlar åtte fagmiljø, gir oss høve til å jobbe breiare og djupare med klimatilpassing. Sjølv om vi klarer å kutte utslepp, må tilpassing til dei klimaendringane vi har sett i gang framleis vere høgt på dagsorden, seier Grete K. Hovelsrud, forskar 1 ved Nordlandsforskning og professor ved Nord Universitet. 

 

Del:

FacebookLinkedInTwitter

Meld deg på Nordlandsforsknings nyhetsbrev