Livsviktig kommunikasjon

Article Id
1303
Source site
Hva betyr kommunikasjon for skredvurdering og hvilke kunnskaper og egenskaper har "toppturfolket"? Det har Anita Finne studert i sin masteroppgave levert ved Universitetet i Tromsø.

Hva betyr kommunikasjon for skredvurdering og hvilke kunnskaper og egenskaper har "toppturfolket"? Det har Anita Finne studert i sin masteroppgave levert ved Universitetet i Tromsø.

Tekst av: Anita Finne

Ienne oppgåva har eg samla inn data frå skikøyrarar i Troms fylke for å finne svar på korleis kommunikasjon påverkar skredvurdering, samt kartlegge eigenskapar ved ”toppturpopulasjonen”. Dødsfall i snøskred som følgje av frikøyring anten på topptur eller utanfor løypene, er eit aukande problem i Noreg, spesielt i Nord-Noreg og Troms fylke.

Me har funne ut at kommunikasjon er ein sentral faktor som påverkar kor mange skredfaktorar folk vurderar, samt viste det samanheng med kor einige folk var innad i gruppene angåande den generelle skredfaren. Det vert difor oppfordra til at personar som er på tur fokuserer på kommunikasjon, då dette kan vera ein viktig faktor til auka skredvurdering og ei felles forståing i gruppa angåande den potensielle faregraden.

Det vert vidare føreslått at personar som skal på topptur også snakkar saman før turstart slik at gruppas mål for dagen er klart for alle. Personar som er på tur saman bør også ved turstart snakke om viktigheita av å dele informasjon, noko som også kan gjere folk meir trygge på å seie meininga si.

Les hele masteroppgaven: Livsviktig kommunikasjon: Eit empirisk studie av skikøyrarar i skredterreng.

Del:

FacebookLinkedInTwitter

Meld deg på Nordlandsforsknings nyhetsbrev