Heidra for 26 år med forsking om levekår og funksjonshemming

Trond Bliksvær. Foto: Anika Aakerøy Jordbru
Ein stolt prisvinnar visar fram premien. Foto: Anika Aakerøy Jordbru

Vår forskar Trond Bliksvær har vunne Fritid for alle-prisen 2021.

Det er Nasjonal kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser (NKBUF) som deler ut prisen. Forskaren blir anerkjent «for sin innsats på feltet støttekontakt, kultur- og fritidsdeltakelse», som det heiter på heimesida til kompetansetenesta.

I grunngjevinga står det blant anna: «Fagjuryen er opptatt av å finne prisvinnere som har vært varder på en sti frem til dagens tjenester for enkeltpersoner og feltet støttekontakt, kultur- og fritidsdeltakelse. Forsker og professor Trond Bliksvær er i en slik sammenheng en verdig vinner.»

– For det fyrste er det veldig overraskande, men sjølvsagt og svært gledeleg, seier Bliksvær.

 

Fyrste rapport

Juryen påpeker at Bliksvær i heile 26 år har drive forsking om levekår for funksjonshemma. I grunngjevinga blir ein rapport heilt tilbake frå 1997 trekt fram som eit viktig bidrag: "Avlasting og støttekontakt. Omfang og praksis i kommunane".

Og rapporten vekker gode minner hos forskaren.

– Det var faktisk den aller fyrste forskingsrapporten eg skreiv på Nordlandsforskning, seier Bliksvær.

Undersøkinga som blei gjort i samband med rapporten, er framleis den einaste nasjonale kartlegginga som er gjennomført av tenestene avlasting og støttekontakt.

– Eg leiter enno etter moglegheiter for å gjennomføre ein ny slik studie, seier Bliksvær.

 

Tur-retur Nordlandsforskning

Trond Bliksvær var sentral i å bygge opp kunnskaps- og kompetansenettverket «Nasjonal kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser» (NKBUF),  som vart oppretta i 2012. Det skjedde i regi av Valnesfjord Helsesportsenter, der Bliksvær fekk tilbod om stilling som leiar for forsking og utvikling, etter  11 år på Nordlandsforskning.

Dåverande direktør på helsesportsenteret var spesielt opptatt av forsking og utvikling. Ho heite Iselin Marstrander og er i dag administrerande direktør for Nordlandsforskning og Bliksvær sin noverande sjef.  

– Ja, eg har sjølv jobba tett med Trond både i Nasjonalt Kompetansesenter for barn og unge med funksjonsnedsettingar og her i Nordlandsforskning. Han er genuint opptatt av forsking om levekår for utsette grupper i samfunnet, og korleis ein kan auke samfunnsdeltakinga for desse, seier Marstrander.

­– Fritid for alle-prisen er ein svært hyggeleg anerkjenning frå fagmiljøet på det engasjementet Trond har vist i fleire tiår. Han er ein verdig prisvinnar.

 

Del:

FacebookLinkedInTwitter