Forskar 1 før fylte 40

Helga Eggebø. Foto: Karoline O.A. Pettersen
Nyutnemnt forskar 1, Helga Eggebø. Foto: Karoline O.A. Pettersen

Med eit par månaders margin nådde Helga Eggebø (39) målet ho sette seg som bachelorstudent.

Forskar 1 er forskingsinstituttas svar på professortittelen og heng svært høgt. Å nå denne milepålen er ein stor prestasjon for ein kvar akademikar. Å klare det før førtiårsdagen er ikkje mindre enn framifrå.

– Det er ei lette å ikkje få nok eit slag i trynet, seier Eggebø om ekspertkomiteens avgjerd om å innvilge opprykk.

Ja vel?

Helga Eggebøs unge alder til trass, vegen til professorkompetansen har ikkje vore utan tilbakeslag. Ho hadde allereie stipendiatstillinga i lomma då ho møtte opp til munnleg eksamen for mastergraden. Men sensorane ga ho karakteren C, som ikkje er godt nok til å bli doktorgradsstudent.

«Du har ikkje forskarpotensial. Du er ingen forskar.» var den tunge beskjeden.

 

Ein ny sjanse

Det blei avslag på stipendiatstillinga. Og Eggebø, som allereie då hadde satt seg som mål å bli professor før ho fylte 40 år, fekk eit sviande slag i trynet.

Som ho skriv på bloggen sin: «Eg skamma meg over at eg hadde vore hovmodig og teke toppkarakteren som ei sjølvfølge. Eg skamma meg over oppgåva eg hadde skrive. Eg skamma meg over at eg ikkje hadde forskarpotensial. Men mest av alt skamma eg meg over mine eigne kjensler. Eg skamma meg over at eg var heilt knust.»

Men eit halvt år seinare hadde komiteen som ikkje ville tilsette ho, ombestemt seg. Prosjektskildringa var så god at dei sette karakterkravet til side og ga C-studenten ein sjanse.

Og knappe 15 år seinare har altså nok ein komité funne Eggebø verdig. Hennes forskningsinnsats på områda familieinnvandring og innvandringsregulering, levekår blant skeive og aldring og omsorg har overbevist dei kravstore dommarane. På slutten av ei lang vurdering skriv dei: «Her CV is strong and shows impressive scientific and other merits. The committee concludes that Helga Eggebø fulfils the criteria for promotion to Researcher 1.»

 

Bedømmelseskomiteen:

Dr Line Nyhagen 
Professor of Sociology, Loughborough University, United Kingdom 

Dr Lena Maitinsson 
Professor in Gender Studies, University of Gothenburg, Sweden 

Maiken Bjørkan 
Forsker I, Nordlandsforskning

 

Imponerande formidlingsevne

Administrerande direktør ved Nordlandsforskning, Iselin Marstrander, er ikkje det minste overraska over at Eggebø har fått opprykk.  

– Dette er så fortent! Vi gleder oss alle med ho og er stolt av å få nok ein forskar 1 i Velferdsgruppa, seier ho.   

– Helga jobbar svært strukturert og målretta, og har eit brennande engasjement for forsking og forskingsformidling på sine fagområde.

Og nettopp formidling har vore ein lysande raud trå i Eggebøs forskarliv. Ho skriv kronikkar, held føredrag, har eigen blogg og stillar stadig opp som intervjuobjekt. Kronikken «Kjenner ho deg att?» i Bergens Tidende er i skrivande stund lest av over 100.000 personar. Komiteen som innvilga ho opprykk, blei spesielt imponert over Eggebøs formidlingsevne. Dei skriv:

“Eggebø is a prolific writer for a wide variety of national broadsheet and online news media and specialist magazines, and also publishes her own online blog. These varied and frequent forms of dissemination to academic and non-academic audiences are a particularly impressive aspect of Eggebø’s sustained emphasis on research-informed knowledge exchange.”

Og akkurat den vurderinga gjer Helga Eggebø glad på ekte.

 

Meiningsfullt arbeid

– I løpet av karrieren har eg vore igjennom mange vurderingar der populærvitskapeleg formidling skal telle positivt, men eg har for det meste fått inntrykk av at dei eigentleg ikkje bryr seg og at det er dei vitskapelege publiseringane som er verdt noko, seier ho.

– Men denne gongen ser eg at komiteen verkeleg anerkjenner formidlingsarbeidet mitt og det betyr veldig mykje for meg. For meg er det å formidle mi forsking til eit breiare publikum det som gjer forskargjerninga meiningsfull.

 

Share:

FacebookLinkedInTwitter

ADDRESS

Postboks 1490
N-8049 Bodø
Norge

 

VISITATION ADDRESS

Universitetsalleen 11

TLF

+47 75 41 18 10


E-MAIL

nf@nforsk.no

 

BANK ACCOUNT 

4500 55 98811

NO/VAT

989 714 309 MVA

 

SOCIAL

 

PERSONVERN