Forsiden Publikasjoner Rapporter Samisk opplæring under LK06-Samisk. Analyse av læreplan og tidlige tiltak for implementering

Samisk opplæring under LK06-Samisk. Analyse av læreplan og tidlige tiltak for implementering

Publikasjonsnr.: 2009-03
ISBN 978-82-7321-577-2
Antall sider:
170
Pris kr: 150,-
Last ned:
pdf Last ned rapporten her 3.01 Mb
Bestill denne rapporten

Sammendrag
Det overordna mål for prosjektet Evaluering av Kunnskapsløftet 2006 – Samisk er å finne ut om og i kor stor grad Kunnskapsløftet Samisk er til hjelp i arbeidet for likeverdig skole og opplæring for dei samiske folkegruppene i landet. Arbeidet er organisert i tre dels overlappande delprosjekt. Delprosjekt 1 konsentrerer seg om dei førebuingane som er gjort på ulike nivå for å leggje til rette for reforma, medan Delprosjekt 2 har i oppgåve å vurdere korleis og i kva grad dei ulike verkemidla, utanom sjølve læreplanen, har vore styrande for implementering av Kunnskaps¬løftet Samisk. Delprosjekt 3 tar for seg sjølve Læreplanen for Kunnskapsløftet Samisk (LK06S). Korleis blir planen tolka og set ut i livet av lærarane? I denne samanhengen høyrer det òg med å vurdere sjølve læreplanen.

Denne første rapporten frå prosjektet dekkjer tre tematiske område. For det første blir det i eit innleiingskapittel gitt ein brei historisk gjennomgang av norsk skolepolitikk overfor dei samiske folkegruppene frå dei første skoletiltaka på 1700-talet fram til dagens samiske læreplanar. Etter eit kort metodekapittel blir så dei tidlege funna i forhold til prosessen omkring implementeringa av Kunnskapsløftet Samisk lagt fram i eit større kapittel som presenterer empiri frå delprosjekta 1 og 2. Det tredje og siste hovudtemaet for denne første rapporteringa frå prosjektet gjeld Delprosjekt 3. Det dreiar seg først og fremst om ein analyse av sjølve læreplanen LK06S.