Meir skyss - mindre helse? Skulesentralisering i eit helseperspektiv
Skyss av skuleelever blei tidleg sett på som ein viktig reiskap for å oppnå eit likeverdig skuletilbod i grissgrendte strok. Forsking på uheldige sider ved lang skyss for barns helse og trivsel blei tatt opp alt på 1970-talet. Det er dokumentert nedsett kondisjon, svekka balanseevne og oftare ryggplager hos barn med skuleskyss samanlikna med dei som går/syklar til skulen, skriv forskarane i denne rapporten.