Hamsunstaden Hamarøy. Nordmenn sine holdningar til Hamarøy i Hamsunåret 2009
I denne rapporten ser me nærare på korleis eit representativt utval av den norske befolkning oppfattar Nordlandskommunen Hamarøy. Noregs mest leste forfattar i utlandet – Knut Hamsun – vaks opp her, og mange av hans storverk er inspirerte frå den blendande vakre naturen i og rundt Hamarøy. Kor mange kjenner til denne samanhengen, og kor sterkt står Hamarøy i forhold til dei andre stader i landet Hamsun budde og verka? Kva er folk sine generelle assosiasjonar til Hamarøy, og kva er potensialet for å få fleire menneske hit både som besøkande og eventuelt tilflyttarar?