Forsiden Publikasjoner Annet Funksjonshemming og retten til bustad – mellom omsorgspolitikk og bustadpolitikk

Funksjonshemming og retten til bustad – mellom omsorgspolitikk og bustadpolitikk

Trond BliksvaerTrond Bliksvær frå Nordlandsforskning har skreve artikkel om funksjonshemming og bustad publisert i siste utgåve av Tidsskrift for velferdsforskning.

Spørsmålet om rettar og diskriminering har fått auka interesse i dei seinare åra innan forsking og politikk om funksjonshemming. Når det gjeld bustad har det vore langt mindre merksemd om rettigheitsspørsmål enn på andre område, trass i at bustad har vore eit av dei kanskje viktigaste verkemidla i reformer for funksjonshemma og andre med omsorgsbehov på 80- og 90-talet.
- Eg set søkjelys på bustaden som rett for funksjonshemma, korleis vi kan forstå denne retten med utgangspunkt i omsorgspolitikk, bustadpolitikk, og kontaktflatene mellom desse, forklarar Bliksvær. I artikkelen søkjer eg å forstå dette med utgangspunkt i måten bustadspørsmålet for funksjonshemma har blitt konstruert på innan omsorgspolitikken, innan bustadpolitikken, og i skjeringspunktet mellom omsorgspolitikk og bustadpolitikk.
- Vi må ha kjennskap til trekk ved bustadpolitikken for å få ei meir utfyllande forståing av korfor bustaden er ein svak rett for funksjonshemma, argumenterar Bliksvær for i artikkelen.
Heile artikkelen kan du lese i Tidsskrift for velferdsforskning, nr. 1, 2010.
Tidsskriftet kan kjøpast her: http://www.fagbokforlaget.no/tidsskrift/?isbn=080920521001